Notater |
- Utdrag fra Flåtaboka, side 60:
"Halvor, som er nemnt under nr. 3, var fødd 1900 på Store-Vandve og døde i juli 1943 og fekk kvila si i det Indiske Hav. Han var gift, budde i Skoger og hadde 3 barn. Han reiste til sjøs i krigsåra, var fyrbøter på tankbåten «Ferncastle» som var 15000 tonn. Båten vart torpedera den 17. juni 1943, og mannskapet gjekk i livbåten 2600 mil aust for Madagaskar. Halvor vart såra i ryggen av ein granatsplint og døde før dei kom fram til øya. Oddm. Ljone har i boka «Kaptein Toralf Andersen og hans menn» fortalt om denne ferda til Madagaskar. Ein av hovudmennene i boka er Timian, som er Halvor Halvorsen. Han var ingen sjømann. «Det eneste han var betatt av var trangen til jord - å bryte den. Grøfte den. Dyrke den. Det store ønsket hans var å få penger nok til å kjøpe seg en grøftemaskin når han kom hjem igjen. Med den ville han dra Nord-Norge rundt». I stille kveldar på dekket hadde han ,drøymt seg attende til eit stykke jord han kunne dyrke. Han vart besteven med kapteinen, og det var lenge før han fann tonen til «Bedre kan jeg ikke fare», då Halvor skulle kvileleggjast i havet - han som hadde «Moder jord» så kjær."
|