Notater


Tre:  

Treff 901 til 933 av 933

      «Forrige «1 ... 15 16 17 18 19

 #   Notater   Linket til 
901 Utdrag fra Flåtaboka, side 61:
"Birgit Halvorsdtr. Flåta, fødd 28. mars 1832, døde 10. mars 1919 på Tandberg. Gift med Stein Halvorson Prestrud. Han kjøpte Søre-Imingan. Han var fødd 1825 og døde 15. oktober 1891. Dei hadde ingen barn." 
Flåta, Birgit Halvorsdtr. (I1770)
 
902 Utdrag fra Flåtaboka, side 61:
"Guri Halvorsdtr. Flåta, fødd 7. oktober 1836, døde 8. november 1907. Gift med Per Tollefson Jøranrud, fødd 15. september 1842, døde 29. november 1931. Dei hadde Jøranrud i mange år, og då dei selde garden i 1905, kjøpte dei Mogen." 
Flåta, Guri Halvorsdtr. (I1773)
 
903 Utdrag fra Flåtaboka, side 61:
"Halvor Halvorson Flåta, fødd 31. juli 1825, døde 10. februar 1901, gift med Helga Tollefsdtr., fødd på Kittilsland i Nore 7. mai 1830, døde 30. november 1907. Halvor var handelskar og gjekk i fotefara til sin far. I 1851 kom han med ei stor hestedrift frå Vestlandet. Kom ut i eit fælt snøver og både han og hestane heldt på å frysa ihel. Hestane fekk ikkje mat før dei kom ned i Jønndalen og åt bjørkeris. Han kjøpte Nøre-Flåta i 1859 og selde garden i 1878 til Helga, syster si, og flutte til Hvammen i Nore, der han og Helga døde barnelause." 
Flåta, Halvor Halvorsen (I1757)
 
904 Utdrag fra Flåtaboka, side 61:
"Helga Halvorsdtr. Flåta, fødd 2. mars 1830, døde på Nøre-Flåta 2. juni 1911. Gift med Lars Halvorson Lunda, fødd 6. januar 1816, døde 30. januar 1864. Foreldra hans var Halvor Tovson Landa og Sigrid Kittilsdtr. frå Linrad. Bestemora hans, Ragnhild Halvorsdtr., var dotter til lensmannen på Røysland. Halvor Tovson makeskifta Landa i Kølin og halve Haugen. I 1857 kjøpte Lars att odelsgarden av Tov Hansson Guton som hadde makeskifta Guton i Lunda i 1841. Tov Hansson var son til Hans Tovson Guton, som Gro Flåta vart gift med att andre gongen. Då Lars kjøpte att Lunda i 1857, hadde han vore handelskar i Sverige og tent pengar. Han bygde ny stugubygning som var meir enn vanleg den gongen. Bygningen er endå i bruk. Lars og Helga hadde 4 barn.
Lars og Helga fekk 39 barnebarn. Han døde i sine beste år 30. januar 1864.
Helga fekk nok mykje å stå i då ho vart åleine. Ho var eit arbeidsmenneske med ei vilje som aldri bogna. Då ho kjøpte Flåta dreiv ho begge gardane. Om sumrane dreiv ho på sætra og tok krøter ute i dalen. Endå er det gamle folk i Rollag som hugser den vesle, kvikke sæterkjerringa som ordla seg så kjapt og godt. Då ho var ung gjente, kom Jørgen Moe til Flåta og skulle over Vidda. Han spøkte med Helga og sa: «Eg skal vigje deg når
du skal gifte deg». Ho hugsa orda og skreiv til han då ho skulle ha bryllup. Då var han prest i Krødsherad. Merkeleg som orda kan leva. Ho gløymde aldri den fine spøken. Ho var djupt religiøs og las og var oppglødd far bøkene til Rosenius" 
Flåta, Helga Halvorsdtr. (I1760)
 
905 Utdrag fra Flåtaboka, side 61:
"Ole Halvorson Flåta, fødd 10. november 1834. Reiste til Amerika og dreiv som fotograf. Kom heim og døde i Bjørnsrudjordet 12. november 1918." 
Flåta, Ole Halvorsen (I1772)
 
906 Utdrag fra Flåtaboka, side 61:
"Reiar Halvorson Flåta, fødd 1827, døde 12. okt. 1839." 
Flåta, Reier Halvorsen (I1759)
 
907 Utdrag fra Flåtaboka, side 61:
"Sigrid Larsdtr. Lunda, fødd 24. september 1857. Gift med Stein Hansson Øvre Flåta. Meir om henne seinare." 
Lunda, Sigrid Larsdtr. (I1762)
 
908 Utdrag fra Flåtaboka, side 62:
"Guri Larsdtr. Lunda, fødd 2. januar 1859. Gift med Vilhelm Hansson Øvre-Flåta. Meir om henne seinare." 
Lunda, Guri Larsdtr. (I1764)
 
909 Utdrag fra Flåtaboka, side 62:
"Helga Larsdtr. Lunda, fødd 12. oktober 1862, døde 16. mai 1933. Gift med Gisle Olson Vikan, fødd 23. oktober 1859, døde 7. november 1946. Dei hadde 10 barn." 
Lunda, Helga Larsdtr. (I1768)
 
910 Utdrag fra Flåtaboka, side 62:
"Ragnhild Larsdtr. Lunda, fødd 17. desember 1860, døde 26. februar 1945. Gift med Steinar Goeson Flåta i Raulandgrenda, fødd 6. desember 1850. Dei budde ei tid på Lunda, selde garden og flutte til Skoger i 1899. Dei hadde 10 barn." 
Lunda, Ragnhild Larsdtr. (I1766)
 
911 Utdrag fra Flåtaboka, side 63:
"Reiar Halvorson Flåta, fødd 5. desember 1839. Reiste i 1857 til Sverike og dreiv skreppehandel til han i 1859 reiste heim for å overta farsgarden. Det vart det ikkje noko av, og han reiste til broren Tollef som hadde butikk i Fjelberg. Han byrja så med fiske både i Finnmark og oppe ved Spitsbergen. Der fiska han kvitfisk. Han fekk seg eit dampskip «Spitsbergen». I 1886 skreiv han seg for kaptein Halvorsen, som han hadde teke som ættenamn. Kring 1880 kjøpte han garden Kongensvoll ved Imsterfjorden i Trøndelag. Der dreiv han sild- og fiskeforretning, landhandleri, bakeri og var eigar av Kongensvoll hermetikkfabrikk som han bygde opp. Reiar var gift 1. g. med Anna Amundsen i Bergen. Barn: Johan, døde ung. Gift 2. g. med Marianne Willgohs. Dei hadde ein son Joachim som overtok Kongensvoll i 1899, gift med Ågot Olavsen, fødd i Oslo 1876. Dei har 3 barn: 1. Gudrun, fødd 1901, gift med Alf Kjørsvik. Dei har Kongensvoll no og har 6 barn. 2. Reidun, fødd 1903, gift med Odd Storrøe, 2 barn. 3. Sverre, fødd 1915, gift med Inger Kamvik, 3 barn. Bur i Hasselvika og han er stabssersjant ved Agdenes festning. Reiar Halvorson døde i 1915." 
Flåta, Reier Halvorsen (I31)
 
912 Utdrag fra Flåtaboka, side 78:
"Gregar Larsson Flåta, fødd 10. april 1863. Utvandra til Amerika. Tok farmasøyteksamen. Då broren Olaus døde, kom han tilbake til Kongsberg og overtok forretningen etter han. Gregar døde 9. august 1925." 
Flåta, Gregar Larsson (I1881)
 
913 Utdrag fra Flåtaboka, side 78:
"Helga Lovise Larsdtr. Flåta, fødd 21. februar 1873, døde 31. september 1930. Gift med bonde Nils Arne Storrøe Moltun, Imsterfjorden, fødd 18. juli 1875. 4 barn."

År: Tittel: Sivilstand: Sted: Kilde:
1900 Gårdbrukerkone Gift Moltuen Folketellinga 1900 Agdenes 
Flåta, Helga Lovise Larsdtr (I862)
 
914 Utdrag fra Flåtaboka, side 78:
"Lars Steinson Flåta, fødd 6. desember 1829, døde 1. mars 1880. Var urmaker i Kongsberg. Gift med Kristine Gregarsdtr. Eide i Nore, fødd 14. september 1836, døde 25. februar 1919. Dei hadde 6 barn." 
Flåta, Lars Steinsson (I860)
 
915 Utdrag fra Flåtaboka, side 78:
"Stein Larsson Flåta, fødd 4. februar 1868, døde 16. mai 1908. Han tok Eid som ættenamn. Han var lækjar. Tok til med privatpraksis i Veggli i 1892, flytte derifrå til Kongensvoll ved Imsterfjorden, så til Strand i Ryfylke og til slutt til Åndalsnes, der han døde. Var gift med Olga Haraldstad, fødd 2. februar 1868, døde 28. august 1950. 2 barn."

Stein Eid bodde på Åndalsnes når han døde og ble gravlagt på Agdenes kirkegård.
Kilde: Klokkerbok for Agdenes 1892-1918. 
Eid, Stein Larsson Flåta (I1882)
 
916 Utdrag fra Flåtaboka, side 79:
"Ragna Kristine Larsdtr. Flåta, fødd 30. juni 1877, døde 1. oktober 1930, gift med bonde Størker Larsson Garberg, Bye gard, Fannrem, Orkdal, fødd 6. februar 1875, døde 15. oktober 1945. 5 barn." 
Flåta, Ragna Kristine Larsdtr (I1898)
 
917 Utdrag fra Flåtaboka, side 80:
"Olaus Larsson Flåta, fødd 31. januar 1871. Famasøyteksamen og dreiv fargehandel og salg med frie apotekervarer i Kongsberg. Døde 7. september 1908." 
Flåta, Olaus Larsson (I1920)
 
918 Utdrag fra Flåtaboka, side 80:
"Olava Gurine Larsdtr. Flåta, fødd 20. februar 1865. Døde i ung alder." 
Flåta, Olava Gurine Larsdtr (I1921)
 
919 Utvandra til Canada. Videsjorden, Stein Toreson (I1941)
 
920 Utvandra til Canada. Familie F618
 
921 Utvandret til Amerika sammen foreldre og søsken ca. 1848. Willgohs, Hans Sigwardt (I1650)
 
922 Utvandret til Amerika sammen foreldre og søsken ca. 1848. Willgohs, Charlotte Amalia (I1649)
 
923 Utvandret til Amerika sammen foreldre og søsken ca. 1848. Willgohs, Gunnele Caroline (I1648)
 
924 Utvandret til Amerika sammen foreldre og søsken ca. 1848. Willgohs, Henrich Michael (I1647)
 
925 Var en periode ordfører. Vingan, Johan Severin Kristiansen (I612)
 
926 Var Margrete gift i Abelvika? Fenes, Margrete (I1196)
 
927 Vebjørn hadde i Bodø forretning og to fabrikker. Tandberg, Vebjørn (I1721)
 
928 Vidner: Bergita Berg; Marta Vinter; Andreas Vinter; Jens Slavig; Christian Aunet. Steensen, Johan Madts Tybring Qvale (I2728)
 
929 Viet på kontoret av s.pr. i henh. til lysn.att. av 29/12-37 fra presten i Ørland. Forlovere: Poståpner Joachim Halvorsen Kongensvoll; Kjøpmann Anton Kamvik Vingvågen. Sverre: Reveoppdretter Kongensvoll. Inger: hj.v. datter Vingvågen. Familie F5
 
930 Voldsminde Jacobsen, Hjalmar (I2466)
 
931 Wikipedia: "Diplomatdatter" Ellingsen, Hedvig (I2519)
 
932 _ITALIC: Y
 
Kilde (S157)
 
933 _PAREN: Y
_ITALIC: Y
 
Kilde (S161)
 

      «Forrige «1 ... 15 16 17 18 19